sports

Nært sensasjonelt comeback av Noreg: – Ein skikkeleg neglbiter

I den femte kampen i OL fekk det norske herrelandslaget i curling det tøft i starten mot USA. Men så tok dei seg kraftig saman. – Ein skikkeleg neglbiter, no er det sjakk på is, sa kommentator Patrick Rowlands mot slutten av siste omgang. Det starta på verst tenkeleg vis. Etter tre omgangar leia USA 5–0. I omgang tre tok Noreg sitt første poeng. Eit håp var tent når det stod 5–3 halvvegs. I den sjuande omgangen kjem kampens beste slag, då Magnus Ramsfjell med siste stein må slå ut fire gule amerikanske steinar. Sjå klippe nedst. – Det er eit youtube-klipp, for ein kunststein, kjem det frå ekspert Svae. I omgang ni tar Noreg tre viktige poeng og det var uavgjort inn i siste omgang. Men USA heldt unna trykket frå Noreg og drog i land sigeren 10-8, med to beste steinar på slutten. – Det er ikkje dårlig dette. Vi skulle gjerne hatt ein siger til. Vi knuser dei taktisk utpå der. Vi viser vi eigentlig er det beste laget, eg berre missa litt i starten, seier skip Magnus Ramsfjell. Noreg står med tre sigrar og to tap etter dei fem første kampane i Italia. Topp fire gir avansement. Neste kamp kan du følgje i NRK TV kl. 14.05 måndag.

Read full story at NRK →